Lukk
Tips en venn:
Ditt fornavn:

Din e-post adresse:
Ditt etternavn:

Din venns e-post adresse:
Din melding / beskjed / kommentar:

(URL til siden blir automatisk lagt inn i e-post meldingen.)

Kode: 6dc0r5
(Skriv inn koden over.)

 

Fråvere og fråfall i skulen

Av: Reidar Dale, KoRus-vest, Bergensklinikkene (2014)

Fråfallet i vidaregåande opplæring er stabilt høgt her i landet. Kva er forklaringa? Det vert belyst og drøfta i denne artikkelen.

Artikkelen er først publisert i Rusfag 1/2014

Det er noko treffande tragikomisk over denne vitsestripa (s.40) til Wulffmorgenthaler (www.heltnormalt.no). Kva tankar svirrar i hovudet på dei, der dei ser over til kvarandre? Kva om mannen i fengselet hadde gjort det betre på skulen? Ser guten seg sjølv i mannen om ein del år, der han står i vindauget og ikkje følgjer med i undervisninga?

 

Når ein ser på kven som sit i fengsel så har om lag 40 % ungdomsskulen som lengste utdanning (St.meld 37, 2007-2008). For mange elevar, kanskje denne guten med, kan vegen difor vere relativ kort frå skulen (og kjensla av skulen som fengsel), til det reelle fengselet.

Innsette som gruppe i norske fengsel skil seg litt frå resten av befolkninga (St.meld 37, 2007-2008):

  • 30 % har vore barnevernsklientar
  • 30 % har opplevd å ha nær familie i fengsel
  • 40 % har ungdomsskule som lengste fullførte utdanning
  • 70 % er arbeidslause
  • 40 % lever under fattigdomsgrensa
  • 30 % er bustadlause
  • 50 % har kroniske sjukdomar
  • 60 % er rusavhengige
  • 50 % har hatt ein konfliktfylt barndom (Skardhamar 2002)

I 2011 sat det om lag 3700 dagleg i fengsel, og det kom i overkant 11 000 nyinnsette det året. Berre 7 % av desse var kvinner (Statistisk sentralbyrå). Dess alvorlegare karriera er som lovbrotar, dess høgare er delen som m.a. brukar illegale rusmiddel, har svært liten skulegong, er arbeidslause og mottar stønad. I tillegg har dei dårlegare helse og kortare levealder (Normann m.fl. 2007).

Fleire store spørsmål gjer seg gjeldande her om korleis ein kan få desse lite lystige tala ned. Korleis få fleire gjennom utdanningslaupet? Korleis få redusert rusproblematikk? Korleis få kriminalitetsraten  ned? Desse problema og løysingane heng saman.

Sosioøkonomisk status har mykje å seia. Dess høgare ein kjem på den sosioøkonomiske rangstigen, dess betre er resultata i skulen. Ein skulkar mindre og fråfallet er lågare. Det er mindre sjanse for å hamne i fengsel og helsa er betre. Dei økonomiske og sosiale skilnadane skaper ulike rammevilkår (Wilkinson og Pickett 2011), og mange av dei som treng endring i åtferd og livsstil vil ofte vere dei som har minst handlefridom til gjennomføring. Ein lyt gjera noko med desse økonomiske og sosiale ulikskapane om ein skal greia å eliminere fråfallet i skulen, men fråfallet kan reduserast på anna vis (Markussen (red.), 2010).

Skulesystemet står overfor store utfordringar når det gjeld å kompensere for den ulikskapen barna kjem til skulen med, og mykje tyder at ungdomsskolen ikkje greier dette. Fleire får toppkarakterar, dvs. i stor grad elevar frå familiar høgt i det sosioøkonomiske hierarkiet, medan det på den andre sida er ein markant auke i den delen som manglar karakterar for å få rekna grunnskulepoeng, dvs. unge med foreldre som har relativt lav utdanning og/eller inntekt (Bakken og Elstad 2012). Så sjølv om vi skårar betre enn dei andre landa på utjamning av sosial ulikskap i PISA-undersøkinga 2012 (Kjærnsli og Olsen (red), 2013), så tyder altså det nødvendigvis ikkje, som enkelte hevdar, at skulesystemet i Noreg i stor grad motverker sosiale ulikskapar.

Fråfallet i vidaregåande opplæring har vore stabilt høgt gjennom mange år. Ungdomane sine karakterar frå grunnskulen viser den sterkaste effekten på fråfall i vgs.: ”…..en samlet påvirkning fra et hjem hvor foreldrene bor sammen, har høyere utdanning, jobber, er støttende og allmennfagorienterte har stor betydning for elevers karakterer i grunnskolen” (Markussen m.fl. 2008, s. 202). Altså, tidlegare skuleprestasjonar er den viktigaste prediktoren for fråfall (Markussen 2011, Falch og Strøm 2011), og elevar med høgt fråvere presterer dårlegare på skulen (Reid 2010) og igjen, elevar som ikkje fullfører vidaregåande opplæring har høgare fråvere enn dei som ikkje sluttar (Markussen mfl. 2008). Alt henger sammen med alt, sa visst Gro Harlem Brundtland ein gong.

Det er unison semje om at det må sterke tiltak til i ungdomsskulen for å få auka gjennomføringsgraden i vidaregåande opplæring. Ungdomsskulen er ein viktig arena, men det tyder sjølvsagt ikkje at det ikkje er svært viktig med førebygging og tidleg intervensjon på helsestasjon, i barnehagen og på barneskulen – for i mange tilfeller ventar vi for lenge med å ta ei bekymring på alvor og handle ut frå den (Fra bekymring til handling 2009). Tidleg innsats på eit tidleg stadium vil kunne redusere skulk og fråfall i skulen i ungdomstida – så det er nok ikkje utenkjeleg at det er fleire som ”har dotte ut frå i vidaregåande i barnehagen”. Men, vidare arena i denne artikkelen vil vere i ungdomsskulen, med eit særskilt fokus på fråvere (skulking) og rus. Ikkje så mykje på det som direkte handlar om sjølve undervisninga og klasseleiinga, men meir om den delen som omhandlar viktigheita av den autoritative læraren som ser og anerkjenner eleven – og om struktur og rutinar på skulen som ”ser og anerkjenner”.

Mange vanskar kjem (til syne) i den pubertale inngangen til ungdomsskulen. Psykiske vanskar aukar t.d. ved puberteten (Sundfær 2012). ”Denne alder er sosialt sett sårbar, særleg for barn og unge som har foreldre med lav sosial kapital og utdanningskapital” (Sundfær 2012, s. 136). Pubertet, høge skulekrav, press og stress om utsjånad og kropp samt ynskje om å vera godt likt blant sine jamnaldringar i skulen er sanneleg ikkje lett å hanskast med – viss ein i tillegg bur i ein heim der rus og/eller psykisk sjukdom til mor/far pregar kvardagen, så kjem det som ein ekstra stor byrde. For ein del kan dette gi utslag i t.d. eigne psykiske vanskar, utagering eller skulking. Når det gjeld psykiske vanskar, så viser tala frå Ungdata (Bakken 2013) at det er svært så mange, og særleg jenter, som slit psykisk. Det er ukjent kva som ligg bak desse tala, men det kunne vore spanande å utforske dette nærare.

Førebyggjande arbeid handlar grovt sett om å avgrense risikofaktorar og auka vernande faktorar, medan "tidleg intervensjon" meines å identifisere og handtere eit problem så tidleg som mogleg at problemet forsvinn eller blir redusert. Når og korleis skulen reagerer når eleven kjem for seint til timen, ikkje har gjort lekser, ikkje følgjer med i timane, skulkar eller ikkje møter på skulen med gyldig fråvere, har stor betyding for den enkelte elev. Det kan fort vere lett å ta kjappe konklusjonar med at eleven "kan, viss han berre vil", i staden for tenkja at eleven vil, viss han berre kan. Analysering før konkludering er hovudprinsippet i LP-modellen (Læringsmiljøsenteret), der hensikta er å få eksplisitt forståing av dei faktorane som utløyser, påverkar og opprettheld eleven sine handlingar og åtferd (sjå også Brofenbrenner, 1979).

Høgt fråvere og fråfall heng saman med skuleprestasjonar (ibid.). Alle barn og ungdomar er ulike, og ulik åtferd krev ulik innsats frå involverte aktørar. Innsatsen handlar mykje om at skulen, barnet/ungdommen og foreldre puslar saman for å prøve få brikkene til å falle på plass. Foreldre er ein viktig del av dette, og det er oftast dei som kan leggja dei mest lindrande plastera på såra, men det fins også dei som påfører dei djupaste såra.

Skulking er ein ”exit-variant” (Hirschman 1970) der eleven (individet), når han blir stilt ovanfor konfliktfylte situasjonar, som bryt med ynskjer, behov og personlegdom, velgjer ein meistringsstrategi der han går ut av systemet/situasjonen. For eleven kan dette vere ei rasjonell handling, eit ”fornuftig” val, og framstår som ei individuell og defensiv strategi/ forsvarsmekanisme.

National Dropout Prevention Center/Network og Communities In Schools (2007) har gjort ein stor kunnskapsoppsummering rundt risikofaktorar og samanhengar til skulk. I tabellen nedanfor har eg gjort eit utval og kategorisert innanfor 4 område:

Dess fleire risikofaktorar som er involvert, dess større er sjansen for skulking. Det er sjeldan at det berre er éin faktor. Det å skulke, og seinare droppe ut, er ofte ein prosess, ikkje berre noko som skjer, med faktorar som byggjer seg opp og utviklar seg over tid.

Ungdomstida er den perioden i livet kor det er størst risiko for å utvikle rusproblem (Skogen, 2013), og ei ”gruppe” som er i risikosona i så måte, er ungdom som skulkar skulen. Både internasjonal forsking (Pathammavong m.fl. 2011, Reid 2003) og studier frå Noreg (Mounteney og Johannessen 2009, Øia og Strandbu 2010, Melby 2011) viser til at elevar som skulkar, drikk meir alkohol og brukar meir narkotika (spesielt cannabis) enn medelevar som ikkje skulkar.

Å ha gode rutinar der lærarar og anna skulepersonell handlar tidleg (tidleg intervensjon), vil i mange høve kunne førebyggja ytterlegare fråvere, rusproblem, dårleg karaktergrunnlag og seinare fråfall i vidaregåande opplæring.

 Ken Reid (2005, 2010) skisserer offensive strategiar i skulen:

  • Ha faste system for registrering av fråvere.
  • Trekk føresette tidlig inn og lag ansvarsavtalar.
  • Eleven må gjerast ansvarleg med omsyn til konsekvensar, avtalar, oppfølging.
  •  Grip inn tidlig, ikkje ”vent og sjå haldning.”
  • Trekk tidlig inn andre samarbeidspartnarar som t.d helsesøster og PPT
  • Jobb med å ansvarliggjere lærarar for å lage eit godt fagleg tilbod til eleven.

 

Handlingsskjema nedanfor visualiserer gangen i eit tenkt døme:

(Et tydeligere bilde av dette skjema finner du i boksen "relaterte dokumenter")

Skulking er alvorleg, fordi det kan gi alvorlege ”følgjefeil”, og i så måte er det gledeleg å registrere at det er færre elevar som skulkar på ungdomsskulen no enn i byrjinga av årtusenskiftet (Øia 2010, Bakken 2013). Det same gjeld for rus. Ein finn nedgang i rusbruken blant dei unge, både på alkohol og cannabis. Men, sjølv om skulkinga og rusbruken har vorte redusert, er fråfallet frå vidaregåande opplæring like høgt, og resultata av satsinga på karakterløft for dei med karakterar i nedre sjikt lar vente på seg (SSB rapport 54/2013).

Kva med dei psykiske vanskane blant elevane i ungdomsskulen? Ligg noko av forklaringa der? Det er nok ikkje utenkjeleg det, for: ”Andelen unge som rapporterer om psykiske plager er forbausende høy” (Bakken 2013, s. 59). Dette kan likevel ikkje vere heile forklaringa, då tala viser at det er over dobbelt så mange jenter som gutar som rapporter om depressive symptom, men det er fleire gutar enn jenter som droppar ut av skulen.

Det som framleis er sikkert, er at det er mange brikker som manglar i fråfallspuslespelet. Vi har ingen tid å miste – la oss gå i gong å pusle!

 

Referanser:

Bakken, Anders og Elstad Jon Ivar (2012): For store forventninger? Kunnskapsløftet og ulikhetene i grunnskolekarakterer, NOVA rapport 7/12

Bakken, Anders, (red.), (2013): Ungdata. Nasjonale resultater 2010-2012, NOVA rapport 10/13.

Brofenbrenner, Urie (1979): The ecology of human development. Harvard University Press

Eielsen, Gaute, Johannessen, Lars Kirkebøen, Leuven, Edwin, Rønning, Marte og Raaum, Oddbjørn (2013) Effektevaluering av intensivopplæringen i Overgangsprosjektet, Ny GIV Første delrapport. SSB rapport 54/13.

Falch, Torberg og Strøm Bjarne (2011): Schools, Ability, and the Socioeconomic Gradient in Education Choises. CESifo Working Paper No. 3313. Cat. 5: Economics of Education.

Gustavsen, Karin (2011): Sosiale ulikheter i oppvekst – en humanitær utfordring. TF-rapport 283/ 11. Telemarksforsking

Hattie, John (2009): Visible learning. A synthesis of over 800 meta-analyses relating to achievement. New York: Routledge

Helsedirektoratet (2009): Fra bekymring til handling, IS-1742, Veileder

Hirschman, Albert O. (1970): Exit, Voice and Loyality. Responses to Decline in Firms, Organizations, and States. Harvard University Press

Kjærnsli, Marit og Olsen, Rolf V. (red.) (2013): Fortsatt en vei å gå. Norske elevers kompetanse i matematikk, naturfag og lesing i PISA 2012. Oslo: Universitetsforlaget

Markussen, Eifred (red.), (2010): Frafall i utdanning for 16–20 åringer i Norden. TemaNord 2010:517

Markussen, Eifred (2011): Frafall i videregående opplæring – i Norge og andre land. Bedre skole nr.1, 2011

Markussen, Eifred, Mari Wiggum Frøseth, Berit Løddingen og Nina Sandberg (2008): Bortvalg og kompetanse. Gjennomføring, bortvalg og kompetanseoppnåelse i videregående opplæring blant 9749 ungdommer som gikk ut av grunnskolen på Østlandet våren 2002. Hovedfunn, konklusjonerog implikasjoner fem år etter. NIFU STEP rapport 13/2008

Melby, Stina (2011): Skulk i ungdomsskolen. Masteroppgave i spesialpedagogikk (NTNU)

Mounteney, Jane og Johannessen, Vibeke (2009): Skoleundersøkelse 2008: En undersøkelse i Bergen kommune om 8., 9. og 10. klassinger og skolefravær. Rapport 2009, Stiftelsen Bergensklinikkene

National Dropout Prevention Center/Network & Communities In Schools (2007): Dropout risk factors and exemplary programs. A technical report.

Normann, Tor Morten (red.), (2007): Ungdoms levekår. Statistisk sentralbyrå

Pathammavong, R., Leatherdale, S.T., Ahmed, R. Griffith, J., Nowatzki, J. og Manske, S. (2011): Examining the link between education related outcomes and student health risk behaviours among Canadian youth: Data from the 2006 National Youth Smoking Survey. Canadian Journal Of Education 34, 1 (2011): 215-247

Reid, Ken (2003): Truancy and schools. London: Routledge

Reid, Ken (2005): The causes, views and traits of school absenteeism and truancy: an analytical review. Research in Education 74, 59-82

Reid, Ken (2010): Finding strategic solutions to reduce truancy. Research in Education 84, 1-18.

Skardhamar, Torbjørn (2002): Levekår og livssituasjon blant innsatte i norske fengsler. Hovedfagsoppgave i kriminologi. Institutt for kriminologi, Universitetet i Oslo

Skardhamar, Torbjørn (2005): Lovbruddskarrierer og levekår. En analyse av fødselskullet 1977. Statistisk sentralbyrå

Skogen, Jens Christoffer (2013): Tidlig debut av rusbruk, rusproblemer og mental helse hos ungdom. Artikkel på www.forebygging.no

St.meld. 37 (2007-2008): Straff som virker

St. meld. 44 (2008-2009): Utdanningslinja

Sundfær, Aase (2012): God dag, jeg er et barn. Bergen: Fagbokforlaget

Wilkinson, Richard og Pickett, Kate (2011): Ulikhetens pris. Oslo: Res Publica

Øia, Tormod og Strandbu, Åse. (2010): 15 åringer – hvem drikker. En undersøkelse av tiendeklassinger i Oslo 2009. NOVA-rapport 1/10

www.laringsmiljøsenteret.no (Læringsmiljøsenteret)

www.heltnortmalt.no

www.ssb.no (Statistisk sentralbyrå)

År:
2014

Av:
Reidar Dale

2017@forebygging.no    Redaktør: Beate Steinkjer