Lukk
Tips en venn:
Ditt fornavn:

Din e-post adresse:
Ditt etternavn:

Din venns e-post adresse:
Din melding / beskjed / kommentar:

(URL til siden blir automatisk lagt inn i e-post meldingen.)

Kode: 50j838
(Skriv inn koden over.)

 

Kampen mot mobbing- ei tapt sak?

Av Sigrun K. Ertesvåg, professor i pedagogisk psykologi, Læringsmiljøsenteret, Universitetet i Stavanger.

Norske skular står i fare for å tape kampen mot mobbing, dette trass i at vi har verdens beste tiltak mot mobbing. Korleis kan det henge saman?

Frå myndigheitene vert det ytra uro over at førekomsten av mobbing ikkje går ned i norske skular trass i ein nasjonal innsats over tre tiår. Om lag 5 % av elevane utset andre for alvorleg mobbing og mellom 5 og 10 % elevane vert utsett for alvorleg mobbing [1, 2]. I Noreg inneber det at om lag 40000 elevar i grunnskulen vert utsett for mobbing kvar veke eller oftare. Samstundes viser internasjonale meta-analysar av intervensjonar at Noreg har dei mest effektive tiltaka mot mobbing [3, 4]. Norske forskarar har vore i førarsetet i arbeidet mot mobbing sidan tidleg på 1980-talet [2]så kvifor lykkast vi ikkje betre?

Det er mykje kunnskap hos lærarar og skular i Noreg, også om mobbing. Men mange lærarar, og skular, opplever å ha for lite kunnskap om korleis ein i praksis skal førebygge og redusere mobbing og generelt styrke læringsmiljøet for elevane. Dersom dei manglar ferdigheiter til å handle, vert kunnskapen ikkje i tilstrekkeleg grad omsett til praktisk handling. Ei hovudårsak til at vi ikkje har lykkast betre i arbeidet mot mobbing er såleis relativt enkel: arbeide mot mobbing bygg i for liten grad på den forskingsbaserte kunnskapen som er tilgjengeleg.

Skular her i landet, til liks med skular i mange andre land, har lang tradisjon for å bygge aktiviteten meir på ideologi, vane og lærarane sine personlege erfaringar enn på forskingsbasert kunnskap [5]. Til dømes vel ein framleis tiltak mot mobbing utan å legge særleg vekt på om desse tiltaka har dokumentert effekt. Ein vel heller den siste pedagogiske moten, eller det nokon «har gode erfaringar med» eller «elevane synes er artig» utan at ein kan dokumentere om det reduserer mobbing. Dette fører til ein smoothie-pedagogikk som gjer arbeidet mot mobbing til ei røre av ulike tiltak der ingrediensane kan vere vanskeleg å identifisere og som er utan tydeleg kunnskapsforankring. Då kan vi ikkje vente at skular utviklar eit effektivt arbeid mot mobbing.

Smoothie-pedagogikk
Problemet med den pedagogiske smoothien er at han ofte er sett saman ukritisk og av tilfeldige tiltak. Det er fleire årsaker til dette. Forskarar lykkast ikkje alltid godt nok i å medverke til at kunnskapen vi produser vert omsett til praksis. Samstundes har lærarar og skulebyråkratar liten tradisjon for å sjå til forsking i utvikling av tiltak, eller ein nyttar forsking selektivt for å grunngje meiningar og synspunkt ein alt har. Den manglande kommunikasjonen mellom forskarar på ei side og skulebyråkratar og praktikarar på den andre side, resulterer ofte i at skular set i verk tiltak som i beste fall har lite eller ingen effekt, i nokre tilfelle gjer vondt verre. Spørsmålet er korleis vi kan kome ut av uføret. Svaret kan synast enkelt: Arbeidet mot mobbing må vere målretta, systematisk og forskingsbasert. Det finns diverre ingen enkle, kjappe løysingar, berre systematisk og kunnskapsbasert arbeid over lang tid.

Effektive tiltak er tilgjengelege
Program mot mobbing som Olweus og Zero tilbyr skulane forskingsbasert kunnskap om korleis ein kan førebygge, avdekke og handtere mobbing. Dei tilbyr kunnskap om korleis skular kan arbeide systematisk, målretta og samstemt over tid. Programma har ein kombinasjon av førebyggande arbeid for å styrke læringsmiljøet generelt og målretta arbeid for å avdekke og stoppe mobbing. Såleis er programma kompetansepakkar som inneheld den kunnskapen mange skular og lærarar opplever at dei ikkje har og som forsking viser er nødvendig for å lykkast [jfr. 3, 4]. Målet er å medverke til ein heilskapleg innsats for å utvikle eit læringsmiljø som gjer det mogleg for kvar einskild elev å utvikle seg fagleg og sosialt. Sentralt i arbeidet mot mobbing er styrking av lærar-elev relasjonar, elev-elevrelasjonar og tydeleg klasseleiing, i tillegg til spesifikk kunnskap om å avdekke og stoppe mobbing. Likevel må skulane sjølve arbeide slik at kunnskapen vert tatt i bruk og vert ein del av skulen sitt daglege arbeid.

Internasjonale meta-analyser og systematiske oversikter over studiar som evaluerer program og andre intervensjonar mot mobbing, gir innsikt i kva tiltak som har dokumentert effekt [3, 4]. Omfattande program som er retta mot heile skulen, har ei rekkje tiltak og involverer mange aktørar er dei mest effektive konkluderer Maria Ttofi og David Farrington i den mest omfattande meta-analysen som er gjennomført [3, 4]. Dei norske programma Olewus-programmet mot mobbing og Respekt-programmet inngår i meta-analysen. Effekten av Zero-programmet mot mobbing var ikkje publisert då Ttofi og Farrington avslutta kartlegginga av studiar som evaluerer program mot mobbing og er såleis ikkje innlemma. Både Zero-programmet og Respekt-programmet er utvikla ved Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger. Respekt-programmet er utvikla for å førebygge og redusere problemåtferd og styrke læringsmiljøet. Mobbing inngår såleis som eit sentralt innsatsområdet i programmet, utan at programmet er rekna som eit program mot mobbing. Alle tre programma har dokumentert effekt på reduksjon av mobbing [t.d. 6, 7, 8].

Forskingsbasert kunnskap ein føresetnad, men ikkje tilstrekkeleg
Trass i at kunnskap er tilgjengeleg gjennom program mot mobbing får ikkje alle skular resultata som er venta. Uansett kor effektive program er vist å vere i evalueringsstudiar, tenderer dei til å verte implementert med lav kvalitet i naturlege situasjonar [9], altså når skular skal arbeide på eiga hand. Resultatet er at programmet vert sett som lite effektivt av enkelte praktikarar, skulebyråkratar og forskarar. Årsaka til dei manglande resultata er derimot gjerne mangelfull eller ingen implementering [jfr. 10, 11]. Mange skular klarer ikkje, av ulike grunnar, å sette tiltaka ut i livet på ein måte som gir effekt. Når skular ikkje får dei resultata som er venta, er det lettare å rette kritikk mot programmet enn på eige arbeid med å implementere programmet. I mange samanhengar har ein feilaktig slutta at programma ikkje har effekt, når programmet i realiteten aldri har vore gjennomført, eller er halvhjerta gjennomført. Enkelt sagt: sjølv det mest effektive tiltaket mot mobbing kan ikkje gi effekt dersom det ikkje vert gjennomført.

Mange skular har ikkje føresetnadar for å lykkast
Ei ny studie tyder på at skulane som har mest mobbing har minst føresetnadar for å lykkast i arbeidet mot mobbing [12]. Mange skular, som organisasjon, har ikkje føresetningar for å lykkast med å i verksette tiltaka slik at dei kan gi resultat. Samanliknar ein skular der elevane opplever mest mobbing, med skular med minst mobbing, er bilde eintydig. Lærarane ved skular med mykje mobbing opplever svakare leiing, mindre samarbeid og svakare innovasjonskultur enn lærarar ved skular med lite mobbing. Desse skulane har sterk leiing og er prega av samarbeid mellom lærarar som er utviklingsorienterte. Lærarane ved skular med mykje mobbing rapporterer òg at dei, samla, har mindre autoritet i klasserommet enn lærarar ved skular med lite mobbing. Alt dette er forhold som forsking om utvikling av skular vektlegg som avgjerande for å lykkast i å forbetre tilbodet til elevane.

Sterkare fokus på kvalitet i arbeidet
Skal vi lykkast i kampen mot mobbing må vi i tillegg til å nytte effektive tiltak, ta omsyn til skulane sine føresetnadar for å lykkast med tiltaka. Forskingsbasert kunnskap må omsettast til praktisk handling og praksis må bygge på forsking. Dette er eit felles ansvar for praktikarar, forskar og myndigheitene.

Dette inneber langt meir enn å sette mobbing på dagsorden, det krev aktiv handling. Vi treng eit sterkare fokus på korleis ein kan støtte lærarane og skulane slik at dei kan ta i bruk forskingsresultat. Når ein ikkje nyttar forskingsbasert kunnskap i skulen er årsaka ikkje primært motstand hjå enkeltlærarar, men ein organisasjonskultur som ikkje fremmar utvikling hjå personalet. Då vert det svært vanskeleg å lykkast i arbeidet mot mobbing, og utvikling av skulen generelt.

Å lykkast i arbeidet med å endre praksis på eit område som mobbing er krevjande. Sjølv når heile skulen er motivert og har sett av ressursar og dei vaksne ved skulen står saman om det langsiktige arbeidet, er det vanskeleg. Dersom desse vilkåra ikkje er til stades, er det nærast umogleg å lykkast. Av ulike grunn har ein del skular vanskar med å ta i bruk kunnskapen som programma tilbyr. Resultata for skular som melder seg på programma, varierer òg. Samstundes viser forsking at skular som gjennomfører programma slik dei er utvikla, reduserer mobbinga [t.d. 6, 13, 14].

Dei alvorlege konsekvensane av mobbing både på kort og lang sikt er vel dokumenterte. Førekomsten av mobbing vert ikkje tilstrekkeleg redusert trass i omfattande innsats. Som resultat er ein i ferd med å kaste effektive tiltak mot mobbing på båten. Der utfrodringa er at skular ikkje klarer å ta i bruk den forskingsbaserte kunnskapen slik at dei får effekt, er det liten grunn til å tru at desse skulane vil lykkast betre om dei skal setje saman tiltak på eiga hand, utan den kunnskapen, støtta og rettleiinga som er tilgjengeleg til dømes gjennom programma mot mobbing.

Skal vi lykkast i kampen mot mobbing må smoothie-pedagogikken bytast ut med ein fruktsalat der ingrediensane er mogleg å identifisere og er nøye samansett av tiltaka basert på forsking. Dei ulike tiltaka må kunne verke saman i eit godt og effektivt arbeid som omfattar heile skulen og har eit langsiktig perspektiv. Enkelte skular vil klare dette på eiga hand. For mange skular vil derimot den hjelpa ein får gjennom kompetansepakkane som program mot mobbing tilbyr, vere avgjerande for om ein kan lykkast med eit systematisk, langsiktig og effektivt arbeid mot mobbing. Først når alle skular har eit godt abeid mot mobbing kan vi vinne kampen.

 

Referanser

  1. Rigby, K. og P.K. Smith, Is school bullying really at rise? Social Psychology of Education, 2011. 14: p. 441-455.
  2. Roland, E., The broken curve: Effects of the Norwegian Manifesto Against Bullying. International Journal of Behavioral Development, 2011. 35(5): p. 383-388.
  3. Ttofi, M.M. og D.P. Farrington, What works in preventing bullying: Effective elements of anti-bullying programmes. Journal of Aggression, Conflict and Peace Research, 2009. 1(1): p. 13-24.
  4. Ttofi, M.M. og D.P. Farrington, Effectiveness of school-based programs to reduce bullying: A systematic and meta-analytic review. Journal of Experimental Criminology, 2011. 7(1): p. 27-56.
  5. Ertesvåg, S.K., Improving bullying prevention - a broader perspektive on evidence based practice is needed to reduce bullying. tentativt accepted.
  6. Ertesvåg, S.K. og G.S. Vaaland, Prevention and Reduction of Behavioural Problems in School: An Evaluation of the Respect-program. Educational Psychology, 2007. 27(6): p. 713-736.
  7. Olweus, D., A useful evaluation design, and effects of the Olweus Bullying Prevention Program. Psychology, Crime & Law, 2005. 4(11): p. 389-402.
  8. Roland, E., et al., The Zero programme against bullying: Effects of the programme in the context of the Norwegian manifesto against bullying. Social Psychology of Education: An international Journal, 2010. 13(1): p. 41-55.
  9. Durlak, J.A. og E.P. DuPre, Implementation matters: A review of research on the influence of implementation on program outcomes and the factors affecting implementation. American Journal of Community Psychology, 2008. 41(3): p. 327-350.
  10. Greenberg, M.T., et al., The Study of Implemetnation in School-Based Preventive Interventions: Theory, Research, and Practice. 2005, U.S: Department of Health and Human Services, Substance Abuse and Mental Health Services Administration, Centre for Menatal Health Services.
  11. Domitrovich, C.E., et al., Maximizing the Implemenaion Quality of Evidence-Based Preventive Interventions in Schools: A Conceptual Framework. Advances in School Mental Health Promotion, 2008. 1(3): p. 6-28.
  12. Ertesvåg, S.K. og E. Roland, Professional cutures and rates of bullying. submitted.
  13. Ertesvåg, S.K., et al., The challenge of continuation. Schools' continuation of the Respect program. Journal of educational change, 2010. 11(4): p. 323-344.
  14. Kallestad, J.H. og D. Olweus, Predicting teachers' and schools' implementation of the Olweus Bullying Prevention Program: A multilevel study. Prevention & Treatment, 2003. 6.

 

År:
2014

Av:
Sigrun K. Ertesvåg

2017@forebygging.no    Redaktør: Beate Steinkjer