Lukk
Tips en venn:
Ditt fornavn:

Din e-post adresse:
Ditt etternavn:

Din venns e-post adresse:
Din melding / beskjed / kommentar:

(URL til siden blir automatisk lagt inn i e-post meldingen.)

Kode: y54y71
(Skriv inn koden over.)

 

Barnekonvensjonen i praksis

Fra barnets behov til barnets rettigheter.

Den einaste boka eg las i påska 2020 var denne, og eg var ikkje komen så veldig langt av garde i påskelektyren før eg kunne slå fast at dette er ei særs viktig bok. Eg har jobba i barn- og unge-segmentet i 25 år, og har aldri opplevd ein slik unison nasjonal uro for barn og unge sine behov som det eg i skrivande stund gjer no. Det er COVID-19, koronakrisa, som er årsaka til det.  

Boka er på solide 397 sider, og er delt inn i fire delar med til saman atten kapittel. Det står Elise Kipperberg, Julia Köhler-Olsen og Eivind Pedersen m.fl. på framsida, og denne trioen er ansvarleg for om lag 80% av innhaldet. Kipperberg er dosent emerita i sosialpedagogikk v/Universitetet i Stavanger. Ho har hatt barnekonvensjonen og menneskerettar som spesialfelt dei siste 30 åra. Köhler-Olsen er jurist med PhD i rettsvitskap, og arbeider no som førsteamanuensis ved OsloMet. Menneskerettar og velferdsrett er hennar kjernemne. Pedersen er sosionom med ei rekkje tilleggsutdanningar innan barnevernsfeltet. Han har vore tilsett hos Fylkesmannen i Troms sidan 1991, der han dei siste 10 åra har arbeidd særleg med barnekonvensjonen.     

Sjølv om eg burde vita det, var eg faktisk ikkje klar over at barnekonvensjonen består av så mange som 54 artiklar (ikkje 52 slik forordet kan gi eit misvisande inntrykk av), men heldigvis tar ikkje boka for seg alle artiklane. Boka er sentrert rundt fire av dei: Artikkel 2 – retten til inga diskriminering, artikkel 3 – omsynet til det beste for barnet, artikkel 6 – barnet sin rett til liv, overleving og utvikling, og artikkel 12 – alle barn har rett til å bli høyrt og til å seia meiningane sine. FN sin barnekomité legg til grunn at desse kjerneartiklane er grunnleggande prinsipp som styrer forståinga, tolkinga, bruken og verkeleggjeringa av dei andre rettane i konvensjonen. Apropos barnekomiteen: Det er ikkje få spaltemeter som blir brukt i boka på å fortelja at denne komiteen rett som det er har «ei høne å plukke med» Noreg, om måten barnekonvensjonen blir utøvd på i praksis.    

I del II, om «paraplyartiklane» 2, 3, 6 og 12, finst det grundige og detaljerte skildringar av kva som er meint med desse artiklane og korleis ein skal forstå dei. Denne delen gir også ei god forståing av kvifor dei er kjerneartiklar. Det blir på ein særs kunnskapsrik måte sjonglert med naturlege og glidande referansar til andre artiklar i konvensjonen, samt til referansar og samanlikningar med norsk lovverk. Peikefingeren til barneombodet og FN sin barnekomité følgjer med, både her og i resten av boka.  

FN sin barnekonvensjon vart vedteken 20. november 1989 og ratifisert av Noreg 8. januar 1991. Men før boka går laus på sjølve konvensjonen, tar ho for seg historia bak. Dette er ei historie som på mange måtar går attende til første delen av det 20. hundreåret, der etterdønningane etter den første verdskrigen var tragiske for svært mange, og spesielt for barn. Har du høyrt om polske Janusz Korczak? Ikkje? Det hadde ikkje eg heller, før eg las om han her. Han var mannen som snakka med barna og ikkje til barna. Han kunne ha redda seg sjølv frå gasskammeret i Treblinka 1942, men valde å gå saman med «sine» 192 barn. I anden til Korczak føreslo Polen at ein burde feira barnåret i 1979 med å vedta ein barnekonvensjon. Det tok 10 år før det vart ein realitet.

Første del er ein interessant historietime, som også tar for seg norske forhold, slik som dei «Castbergske barnelover», verdas første barneombod og verdas første barneminister.   

«Barnekonvensjonen i praksis på sentrale områder som berører barns oppvekstsituasjon», er overskrifta på den tredje delen. Og dei sentrale områda det er snakk om her, er barnehagen, skulen, skulehelsetenesta/helsestasjonen, NAV/sosiale tenester, barnevernstenesta og flyktning- og asyl-området. Her tek forfattarane føre seg ulike tilhøyrande og passande artiklar i barnekonvensjonen, og framstillinga blir krydra med referansar til ulike tilsynsrapportar frå Helsetilsynet, NOU-ar (Noregs offentlege utgreiingar), uttale frå Forandringsfabrikken, kommentarar frå barnombodet og, sist men ikkje minst, merknader frå FNs barnekomité.

Sjølv om det har vorte satsa på å gjera barnekonvensjonen kjend over heile landet dei siste 5-10 åra, blir det i det femtande og siste kapitlet i den tredje delen konkludert med at det framleis er ein lang veg å gå. Det er klar tekst her om kven som bør ta meir ansvar.   

Denne delen er også grundig, detaljrik, innsiktsfull og balanserande. Han er balanserande på den måten at det blir framheva at Noreg på den eine sida har vore, og er, langt framme i verda når det gjeld å ivareta behov og rettar barn har, samstundes som det er fleire hol som må bli tetta for å oppfylla barnekonvensjonen på fleire område. Det er spesielt eitt hol – noko som Noreg aldri har ratifisert - som går igjen i alle delane, og som nærast eit samla fagmiljø meiner bør bli tetta. Barn i Danmark har den moglegheita, barn i Finland har den moglegheita, ja, barn i over 40 land har den moglegheita, men ikkje barn i Noreg. Kva hol det er, nei, det skal eg ikkje røpa. (Det blir nesten som ein påskekrimomtale dette).

Den siste og fjerde delen er etter mi meining unødvendig. Her er det berre tre korte kapittel. Det er ikkje det at «Stemmer fra praksisfeltet» tek opp unødvendige tema – heller tvert imot – men slike tema ville glidd fint inn tidlegare. Både det som handlar om teiknspråklege barn (men ikkje blinde!?) og vald og overgrep mot barn i samiske miljø, kunne vore teke inn i kapittel 8 som handlar om artikkel 2 og retten til «ikke diskriminering». Det tredje temaet her, som er mobbing, er allereie omtala, som t.d. i kapitlet om skule (10).

Viss ein ville hatt stemmer frå praksisfeltet, kvifor ikkje la nokre foreldre, eller dei det gjeld sjølv, nemleg barn og unge, koma til ordet?

Elles har boka har ein introduksjon, så det kunne vore på sin plass med ei avslutting. 

Som alltid blir det ikkje delt ut terningkast, stjerner eller hjarte. Heller ikkje emojiar i form av smilefjes eller fjes som er sure eller sinte. Boka er lærerik, viktig og tankevekkjande. «Det er typisk norsk å vera god», sa Gro, men det er visst nokre område som ikkje er like typisk. Boka har eit stort nedslagsfelt og burde vore pensum for statsministeren, helse- og omsorgsministeren, barne- og familieministeren og kunnskaps- og integreringsministeren. Dei har så og seia kvar dag under pressekonferansar i samband med koronapandemien vore bekymra for ve og vel til norske barn. Dei har vore opptekne av «barns beste». Men det spørst om dei orkar å lesa denne boka. Ho er tettskriven og nesten utan bilete og illustrasjonar. Dessutan kan det verka som om det har gått sport i kven som har greidd å få til den lengste setninga. Eg er usikker på kven som vann.   

Heilt til slutt, ein liten «fun fact»: Det var fråvære av medverknad frå barn i utarbeidinga av FN sin barnekonvensjon. Brukarmedverknad var nok sikkert ikkje funne opp på den tida.

 

Boka er gitt ut på Fagbokforlaget (2019)

År: 2020 Av: Omtala av Reidar Dale, spesialrådgiver ved KoRus-vest, Bergen
2019@forebygging.no    Redaktør: Beate Steinkjer

Brukerundersøkelse forebygging.no
(tar under 1 min)