Lukk
Tips en venn:
Ditt fornavn:

Din e-post adresse:
Ditt etternavn:

Din venns e-post adresse:
Din melding / beskjed / kommentar:

(URL til siden blir automatisk lagt inn i e-post meldingen.)

Kode: 845c67
(Skriv inn koden over.)

 

Hjem-skole-samarbeid

Det er ikkje så ofte det blir gitt ut bøker som berre handlar om samarbeid mellom heim og skule. Ein kan ein vel seia at heim-skule-samarbeid på ingen måte har vore den mest populære i klassen. Den mest «kule» i klassen det siste tiåret har nok mest sannsynleg vore ‘klasseleiing’. I tillegg, i alle fall dei siste par åra (etter endringa i § 9 a i Opplæringslova), har kompanjongane ‘trygt skulemiljø’ og ‘handtering av mobbing’ vore av dei som først har blitt valde på laget i friminuttet. ‘Heim-skule-samarbeid’ har ofte vore ein av dei siste som har stått att  i skulegarden. Dette vil Beck gjera noko med no, og det synest underteikna er på sin plass.  

Både for lærar, føresett, og ikkje minst elev, kan heim-skule-samarbeid vera motiverande, lærerikt og gje godt utbyte. På den andre sida er det eit potensielt lite minefelt som kan ta luven frå både lærar og forelder, der eleven fort kan sitja att som den største taparen. Begge desse sidene har underteikna kjent på i tida som tilsett i skuleverket og som føresett.

Forfattaren av boka, Unn-Doris K. Beck, er inga novise. Beck har forska på, og har publisert ei rekkje artiklar om heim-skule-forhold. Beck er no tilsett som professor i sosiologi ved Universitetet i Tromsø (UiT) - Norges arktiske universitet. Ho har også arbeidd som professor i pedagogikk ved same universitet, samt ved Institutt for lærerutdanning (ILU).  

Boka har som mål å nå lærarstudentar, pedagogikkstudentar og dei som allereie har kort eller lang fartstid som utøvarar. Denne boka opnar opp for refleksjonar knytte til foreldra si rolle i skulen. Heim-skule-samarbeid er så mykje meir enn berre foreldremøte, utvikingssamtalar og at foreldre passar på at deira håpefulle har gjort leksene sine. Beck gjer godt greie for at det er andre område som er vel så viktige.

Det er ikkje akkurat ein murstein av ei bok. Ho har 8 kapittel og er om lag 70 sider lang, innhalds- og kjeldelister ikkje medrekna. I føreordet, som Beck sjølv har skrive, får vi ein peikepinn på at sosial ulikskap med foreldre som heterogen gruppe, vil vera eit spor som ein kan følgja gjennom boka.

Frå starten av er det lett å hengja med når Beck i dei to første kapitla gjer greie for både foreldrerolla, ulike former for heim-skule-samarbeid, ulike former for foreldreinvolvering og skulen sitt ansvar for å leggja til rette for samarbeid. I tillegg kjem forfattaren inn på kva lovverk, forskrifter, menneskerettar og læreplanar (Kunnskapsløftet) seier om heim-skule-samarbeid.

Det blir ikkje brukt eit tungt akademisk språk, men det blir presentert mange ulike typar ord, uttrykk og omgrep som gjeld t.d. foreldreinvolvering og heim-skule-samarbeid, så lesinga er ikkje plankekøyring.

Det teoretiske rammeverket blir presentert i det tredje kapitlet, og har fått overskrifta:«Å forstå hjem-skole-relasjoner gjennom teoretiske perspektiver". Sjølv om både U. Bronfenbrenners økologiske systemteori og J. Epsteins teori om overlappande «påvirkningssfærer» mellom skule, familie og lokalmiljø er grunnleggande perspektiv her, er det likevel Pierre Bourdieu-inspirerte perspektiv med omgrepa ‘habitus’ og ‘kulturell kapital’ som får mest merksemd vidare.   

Sjølv om underteikna gjennom lang utdanning har lese mykje teori, og tidlegare til saman har jobba i over åtte år i skulen, både som lærar og administrator, har eg ikkje vore borti Bourdieu før. Dette er eit nytt og spanande kjennskap. ‘Habitus’ blir forma i barndommen, skriv Beck, og handlar i korte og forenkla trekk om korleis foreldre overfører oppfatningane sine om verda til barna sine, og at måten det skjer på er farga av posisjonen dei har i det sosiale hierarkiet. ‘Kulturell kapital’ er sterk knytt til formell utdanning. Utdanna foreldre overfører kulturell kapital til barna sine. Skulen favoriserer både foreldre og barn med høg kulturell kapital. Akkurat dette gjer Beck godt greie for i denne delen, til liks med at ho gjer teoridelen forståeleg.

Kapittel 4 glir over i empirien og er meir, bokstaveleg tala, akademisk enn første del av boka, når lesaren her blir introdusert for eit nøkkelomgrep; ‘akademisk sosialisering’. Beck formidlar på ein forståeleg måte, slik at eg som lesar forstår at det noko diffuse omgrepet handlar om at foreldra: 1) kommuniserer forventningar til barna, 2) motiverer barna og 3) støttar opp om, og legg til rette for, at barna tar i bruk eigne ferdigheiter til problemløysing og til å ta avgjerder. Forfattaren referer her til fleire internasjonale metastudiar som omtalar foreldra si rolle i (ungdoms)skulen. Dei viser at det ein kan kalla ‘akademisk sosialisering’, er det som har størst effekt på elevane sine skuleprestasjonar og læringa deira.

Haldningar, åtferd, og om ein kjenner eit nært eller distansert forhold til skulen, kan i stor grad bli forstått med bakgrunn i utdanningsnivået, sosial bakgrunn (kulturell kapital), samt foreldra sine eigne erfaringar med skulen som barn/ungdom (habitus). Det er viktig å forstå «ballasten» ein forelder har med seg i møte med skulen. Dette er kjernen i det femte kapitlet.

Beck ser i hovudsak nærare på sjølve lærarprofesjonen i kapittel 6, der stadig aukande krav, forventningar og press kan vera med på å påverka lærar-foreldre-relasjonen.

I det 7. kapitlet, det siste før avslutninga og oppsummeringa, blir fleire tilhøve tematisert. Det eine er det å vera klar over maktbalansen i heim-skule-samarbeidet, der læraren og skulen er premissleverandørar. Eit anna er at det er viktig for skulen å forstå og anerkjenna at foreldregruppa ikkje er homogen. Vidare kjem Beck inn på differensiering av kommunikasjonsformer i heim-skule-samarbeidet, bygging av tillitsrelasjon mellom lærar og foreldre, og det å auka profesjonaliteten i heim-skule-samarbeidet.

Forfattaren prøver her å gå inn for landing. Her er det sjølvsagt på ingen måte snakk om korkje turbulens eller havari, men heller at ein lurer på om landinga i det heile har funne stad. Så er vel det kanskje slik at ei bok som dette ikkje heilt skal landa heller. Målet med boka er jo å få til gode diskusjonar og refleksjonar om moglegheiter og utfordringar i skule-heim-samarbeidet, ikkje å presentera ei oppramsing av «best practice». Det synest underteikna at Beck i stor grad lukkast med. Men det er ikkje til å koma utanom at boka, bokstaveleg tala, er litt tynn. Her kunne det absolutt vore rom for å sjå nærare på, og differensiera mellom, barneskule, ungdomsskule og vidaregåande opplæring. Vidare er tema rundt etnisitet og utfordringar med framandspråklege elevar/foreldre nesten fråverande i boka, sjølv om det på ein måte er inkorporert i  omgrepet ‘akademisk sosialisering’. Beck kunne nok også ha drøfta kva auka bruk av digitale plattformar i kommunikasjonen mellom skule og heim har å seia for samarbeidet.

Vel, underteikna får også prøva å gå inn for landing. Han gir korkje terningkast, stjerner eller hjarte, men seier enkelt at han ikkje har vanskar med å tilrå boka. Eit godt heim-skule-samarbeid er viktig. Boka presenterer relevante perspektiv og legg til rette for god refleksjon, anten det er ved utdanningsinstitusjonar eller ved den enkelte skulen. Boka har få sider, men det gjer kanskje sitt til at boka blir lesen av studentar. Med eit flir rundt munnen hugsar underteikna godt frå studietida på 90-talet at dei bøkene og artiklane som hadde færrast sider, vart lesne først. Det at boka har få sider, kan også tala for at travle tilsette i skulen tar henne til brystet.

 

Boka er gitt ut på Fagbokforlaget (2019)

År: 2020 Av: Omtala av Reidar Dale, spesialrådgiver ved KoRus-vest, Bergen
2019@forebygging.no    Redaktør: Beate Steinkjer

Brukerundersøkelse forebygging.no
(tar under 1 min)