Lukk
Tips en venn:
Ditt fornavn:

Din e-post adresse:
Ditt etternavn:

Din venns e-post adresse:
Din melding / beskjed / kommentar:

(URL til siden blir automatisk lagt inn i e-post meldingen.)

Kode: v16565
(Skriv inn koden over.)

 

Ungdom og psykisk helse

Tittelen på boka tiltala meg, og han skapte ei forventning. Så er spørsmålet om boka stod i stil med forventninga mi.      

Både ungdom og psykisk helse er sentrale område eg arbeider med til dagleg. Mitt inntrykk er at det i altfor stor grad, både i media og blant fagfolk, blir fokusert mykje på ungdom som «generasjon prestasjon» med skulesekken full av «psykiske helseplager» og «depressive symptom». Forventinga mi handla om å få eit oversiktleg og nyansert bilete av den psykiske helsetilstanden til norsk ungdom.

Det er eit solid trekløver som er redaktørar for boka Ungdom og psykisk helse: Lars Ravn Øhlckers er psykologspesialist og psykologfagleg rådgjevar ved Klinikk for barn og unge og rusavhengige i Helse Stavanger. Ove Heradstveit har PhD og er psykologspesialist og forskar ved Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (RKBU Vest) i forskingsselskapet NORCE og ved Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforskning i Helse Vest (KORFOR). Liv Strand er psykologspesialist med PhD og er poliklinikkleiar for BUP Hinna ved Klinikk for barn, unge og rusavhengige i Helse Stavanger.

Boka har 324 sider og er delt inn i tre delar med til saman 23 kapittel. 28 forfattarar er med,  Øhlckers, Heradstveit og Strand medrekna. Del I har fått tittelen Ungdom og samfunn, del II Tilstandsbilder og del III Endringsarbeid.

Kva er psykisk helse, eigentleg? Det kunne absolutt vore på sin plass i introduksjonen å hatt ein definisjon eller i det minste ei forklaring på kva psykisk helse er? Diverre, og her kastar eg nok stein i glashus, blir psykisk helse sjeldan brukt som omgrep når ein skal skildra dei gode sidene ved livet. Det blir mest brukt med referanse til vanskar og dårleg psykisk helse. Dermed blir psykisk helse eit omgrep som ofte blir forveksla med psykiske vanskar og psykiske lidingar. Underteikna finn det merkeleg at ikkje omgrepet psykisk helse blir drøfta i større grad enn det faktisk blir.

Av dei tre delane i boka er Ungdom og samfunn etter måten kort - knappe 30 sider. Det første kapitlet baserer seg på tal frå Ungdata. Ungdom melder i aukande grad om stress, press og psykiske plager. Akkurat det er urovekkande, og sjølvsagt viktig å få fram. Likevel, frå Ungdata er det mykje anna å henta frå deira forhold til ulike delar av samfunnet, som t.d. skulen, vener, foreldre og fritid. Sjølv om det innleiingsvis her blir vist til at ungdom flest har god fysisk og psykisk helse, skundar dei to forfattarane seg vidare til å fortelja om mindretalet som ikkje har det så bra.

Ungdommers digitale verden er overskrifta i kapittel 2. Forfattaren nemner ein del positive sider ved «denne verda», men eg synest at den generaliserande setninga: «Da er det naivt å tro noe annet enn at barn og ungdom vil bli negativt preget av en slik kald teknologi», seier noko om det ligg ein del skepsis her. Ein annan setning, følgjer eg han derimot heilt på: «Voksne har et ansvar for å følge ungdom inn i den digitale sfæren……….».                         

Det siste kapitlet i del I synest eg er det beste. Alle som no har, eller har hatt ein ungdom i hus, veit at hormona er i fri dressur, og at dørene i heimen kan få kjørt seg. Dette kapitlet gir ei fin forståing av kvifor ungdom nettopp er ungdom, der sterke og svingande kjensler, kroppslege endringar og risikoåtferd er noko av det som følgjer med.   

Det er mykje å boltra seg i når det gjeld ungdom og samfunn, men i boka er det eit besynderleg smalt utval. Eg saknar ungdom og familiesamfunnet, ungdom og skulesamfunnet, og ungdom og lokalsamfunnet. Og så saknar eg ein diskusjon rundt ungdom og sosioøkonomisk status, og kva rolle det spelar i oppveksten deira. Vidare saknar eg også tema om ungdom og rus, der ein også kunne ha lurt inn ein liten medikamentdebatt – det har trass alt vore ei stor auke i bruk av antidepressiva blant dei unge dei siste 10-15 åra.

Del II har fått namnet Tilstandsbilder og er den lengste av dei tre. Kapittel 4 til 16 i boka handlar om lidingar og diagnosar. Her er det mykje å læra, for meg i alle fall. Eg kan for lite om t.d. autisme, posttraumatisk stress, bipolar liding og eteforstyrringar. Kvart kapittel er bygd over same leist. Eg vil rosa redaktørane her. Eg får vita kva lidinga er, kor utbreidd ho er, kjønsskilnadar, moglege årsaker/risikofaktorar og kva type behandling som viser seg mest verknadsfull. 

Med 13 kapittel fordelt på 140 sider, blir det berre ein smakebit for kvar liding. Dei kapitla eg synest er best, er dei som gir vidare oppmodingar om kor eg kan finna meir informasjon – spesielt når det handlar om tiltak. Kapitlet om eteforstyrringar er eksemplarisk i så måte.  Det er svært viktig å forstå kva som kan liggja bak åtferda den unge har, så del II tenkjer eg vil fungera framifrå som eit lite oppslagsverk for både skulehelsetenesta og lærarar. 

Det er likevel noko som skurrar. Utvalet av «tilstandsbilder» synest eg er problematisk. Kva observasjonsbriller er på her? Psykologspesialistredaktørane har vore nærsynte når dei stort sett berre har latt psykologar, psykologspesialistar, terapeutar og lækjarar ha brillene på. Det burde vore progressive observasjonsbriller på i del II. På den måten kunne lesarane fått eit breiare innblikk i eit større landskap der mange fleire fasettar av tilstandsbilete av norsk ungdom ville kome til syne. 

Del III synest eg tar for seg mange gode diskusjonar og dilemma som vil vera relevante anten ein t.d. jobbar som terapeut, i skulen, eller i integreringstenesta. Det første kapitlet her, tar for seg på ein god måte opp ulike sider, utfordringar og dilemma når det gjeld endringsarbeid med ungdom. Kunnskapsbasert praksis er det mange som har høyrt om og kjenner til, men det er kanskje ikkje like lett å forstå likevel. Forfattaren gjer kunnskapsbasert praksis (trefaktormodellen) forståeleg. Han legg vidare vekt på at endringsarbeid med ungdom bør skje på deira premissar og på deira eigne arenaer. Det blir også presisert kor viktig det er å ha foreldra med på laget (men det finst unnatak).

I dei neste kapitla er terapeutrolla og ungdom sin erfaringskompetanse i fokus. Terapeuten meiner at ein må vera bevisst om rolla si – på maktforholdet, på det å ikkje presentera løysingar for kjapt, på å førebu seg på å bli sterkt utfordra og på ikkje å vera redd for å vera personleg. Når det gjeld erfaringskompetansen, blir kommunikasjonssvikt i offentleg sektor lagt vekt på.

Å arbeida med asylsøkjarar, flyktningar, eller med ungdommar som blir slitne mellom den norske kulturen og «opphavskulturen» sin, er ekstra utfordrande – både for hjelpeapparatet og for ungdommane sjølve. I kapittel 20 blir desse utfordingane kasta lys over. Det er mange sider her som eg ikkje har tenkt på. Det er litt urovekkjande, må eg erkjenna.

I kapittel 21 om psykisk helse i skulen er det mykje å henta, spesielt med tanke på at tema folkehelse og livsmeistring er gjennomgripande i det nye læreplanverket som blir  gjeldande for skuleåret 2020/2021.

Boka sluttar brått. Vel, det er kanskje ei overdriving, men eg saknar ei avslutning. Boka har ein inngang, ein introduksjon, så eg hadde forventa ein utgang, ei avslutning.

Det er ei lærerik, og på mange måtar ei tankevekkjande bok, med mange viktige tema og perspektiv. Ho tar også for seg interessante dilemma, og det blir vist til mange ulike metodar, tilnærmingar og modellar. På side 296 står det at det er fort gjort å gi «problembeskrivelser for mye oppmerksomhet, mens ungdommens styrker, ressurser og muligheter kommer i bakgrunnen». Mitt hovudankepunkt til boka er at ho gjer nett det, at ho gir skildringar av problem for mykje merksemd. Ungdommane sine røyster i boka er i stor grad narrativ frå behandling. Eg sakna eit meir nyansert bilete på ungdom og psykisk helse og på allmennstilstanden deira.

Underteikna plar avslutta omtalane sine med at han han gir korkje terningkast, stjerner, hjarte eller emojiar. Det gjer han sjølvsagt ikkje denne gongen heller. Kanskje du har andre forventingar enn det eg hadde, og at det er nettopp denne boka du har leita etter lenge som no endeleg er her. Så difor vil eg tilrå deg å lesa boka, og så skal du absolutt ikkje sjå bort frå at du endar opp med heilt andre meiningar enn meg.

Boka er gitt ut på Fagbokforlaget (2020)

År: 2020 Av: Omtala av Reidar Dale, spesialrådgiver ved KoRus-vest, Bergen
2019@forebygging.no    Redaktør: Beate Steinkjer

Brukerundersøkelse forebygging.no
(tar under 1 min)