Lukk
Tips en venn:
Ditt fornavn:

Din e-post adresse:
Ditt etternavn:

Din venns e-post adresse:
Din melding / beskjed / kommentar:

(URL til siden blir automatisk lagt inn i e-post meldingen.)

Kode: 687712
(Skriv inn koden over.)

 

Korleis har ungdommane i Hordaland det? Med utgangspunkt i funna frå Ungdata 2017

Hordaland fylkekommune, AUD-rapport 09/2018

Denne rapporten tek utgangspunkt i informasjonen som er samla inn gjennom Ungdata. Rapporten har to delar: kapittel 2 og 3 tek føre seg data på fylkesnivå, høvesvis ungdomskulen og vidaregåande, deretter kjem rapportar for kommuane

Dei fleste ungdommar i Hordaland er både friske og aktive, har fleire vener og trivst godt i sitt nærmiljø. Dette er likt som i resten av landet. Det store fleirtalet av ungdom er svært aktive og føler seg trygge i skulen og i lokalmiljøet. Ungdom røyker, drikk og snusar mindre og mindre. Dei har engasjerte foreldre og opplever at dei har eit godt forhold til foreldra sine. Det er likevell ei rekke utfordringar som kjem fram i ungdataundersøkinga. Ei utfordring vi ser i Ungdata er at mange er einsame, jenter i større grad enn gutar. Dei som ikkje er med på fritidsaktivitetar er meir einsame, og det same gjeld dei som har opplevd dårleg familieøkonomi. Familieøkonomien påverkar også mange forhold, deriblant kor ofte ungdommane et frukost, bruken av rusmidlar og kjensla av tryggleik i nabolaget. Ungdommane sit også mykje føre skjermar, noko vi har sett i samband med både kjensla av einsemd og søvnproblem. Av dei som sit meir enn seks timar føre ein skjerm (utanom skuletid) svara svært mange at dei også har søvnproblem. Rapporten tek også føre seg kven det er som trivast i skulen. Dei som er med på organisert fritidsaktivitet, trenar og opplever at nærmiljøet har eit godt tilbod for unge trivast betre. Dei som mistrivast i skulen skulkar også meir. Skulehelsetenesta er også eit av hovudtemaa i rapporten. Rundt halvparten av ungdommane nyttar denne tenesta, og det er også slik at dei som slit med symptom på depresjon nyttar tenesta både i større grad og oftare. Men det er stort potensiale for å nå fleire.

Denne rapporten har hatt som mål å bidra til betre, og gjerne ny, forståing for ungdom lokalt, lokale forhold og eige nærmiljø, med særskilt fokus på psykisk helse. Den gir på langt nær alle svar, men gir oss ny kunnskap om samanhengar i lokale forhold. Derfor vil den vere eit nyttig kunnskapsgrunnlag for arbeidet med psykisk helse hos barn og unge i Hordaland.

 

Teksten er henta fra innleeingskapittelet i rapporten Korleis har ungdommane i Hordaland det?

År: 2018 Utgiver: Hordaland fylkekommune

Tilrettelagt av redaksjonen

2019@forebygging.no    Redaktør: Beate Steinkjer