På slutten av 90-talet gjennomførte eg og andre forskarar studiar av ungdom/unge vaksne i kystkommunar i Nord-Noreg og på Vestlandet. Dette er kommunar der ungdom tradisjonelt har avslutta skulegangen tidleg og gått inn i arbeidslivet. Vi ville gjere ein studie av kva som skjer i dagens ”utdanningssamfunn” med dei som prøvar å gjere som tidlegare generasjonar i desse lokalmiljøa, å avslutte skulegangen tidleg, ofte rett etter obligatorisk skule. Vi fann at mange klarte seg godt i forhold til familie, vener, arbeid og fritidssituasjon. Andre hadde vanskar med arbeid, økonomi (sosialhjelp), rus eller kriminalitet.
Den lokale samtalen
To trekk var slåande i denne intervjuundersøkinga. For det første at historiene som låg bak marginalisering og ei mulig klientkarriere, ofte hadde ulik karakter i dei to områda. Vi ville derfor studere grundigare forholdet mellom lokalmiljøet og ungdom. Dette handlar mellom anna om kva ”den lokale samtalen” (eller folkesnakket) seier om ”sunn” ungdom. Om kvar grensene går for å hamne på den ”gale” sida, og korleis ein stiller seg til unge klient av ulike kategoriar. Til vanleg registrerer Per eller Kari seg hos Aetat, trygdeetaten eller sosialkontoret på den staden dei bur og har sin sosiale omgangskrins. Lokale forhold og kulturar vil på ulike måtar ha innverknad på prosessen fram til klientstatus i velferdsapparatet, på sjølve klientrolla, men òg på sjansane til å kome over i ”vanleg” arbeid eller utdanning. Det er eit viktig forskingsspørsmål å finne ut korleis lokalmiljøet innverkar på klientrollene. Dette ligg bak intervjuundersøkinga i to lokalsamfunn.
Manglande perspektiv
Når lokalmiljøet er ein viktig arena for meiningsdanning rundt sosialpolitiske ordningar, er det interessant å registrere at sosialpolitiske dokument, t.d. stortingsmeldinga om å samordne Aetat, trygdekontor og sosialkontor (nr. 14, 2002-03), i svært liten grad nemner eit slikt lokalt perspektiv. Samtidig er dette ikkje så uvanleg. Både i teoriar om ”det globaliserte samfunnet”, i forsking og i pressa sine oppslag om unge klientar, manglar slike perspektiv. Her skal vi fokusere på korleis lokalmiljøet kan innverke på klientrolla blant ungdom. Er det samanheng mellom lokalmiljøets struktur og verdiar og normer relatert unge klientar? Korleis påverkar i så fall dette ungdoms marginaliseringsprosess og deira forhold til hjelpeapparatet?
Fjorden og Vågen
Undersøkinga vart gjennomført i to tettstader på kysten i 2000-2001. Eit industrisamfunn i Nord-Noreg, kalla Fjorden og eit på Vestlandet, kalla Vågen. Fjorden er prega av einsidig fiskeriindustri med mykje ufaglært arbeidskraft. Senteret ligg geografisk isolert til og har mest berre tenestefunksjonar knytt til eigne behov. Utdanningstilbodet er lite utbygd. Ungdom som vil satse på vidaregåande skule må flytte, eventuelt vekependle til andre tettstader. Vågen har meir avansert industri med større behov for faglært eller høgt utdanna arbeidskraft. Staden er del av ein større bu- og arbeidsmarknad (region) og har derfor også eit meir variert offentleg og privat tenestetilbod. Vågen har bra utbygd utdanningstilbod og tilgang til høgre utdanningstilbod innan dagpendlingsavstand.
Lokale rammer
Når det i denne artikkelen blir skrive om lokale normer, verdiar og kulturelle rammer, er det fordi normene som blir retta mot ei rolle (som ung sosialklient), kan vere typiske eller spesielle for mange av dei som bur i eit lokalmiljø. Det finst ein bestemt kultur. Nokre gonger kan òg normene retta mot ei ungdoms- eller klientrolle vere ulike eller motstridande, t.d. mellom det som er uttrykte mål for velferdsordningane, og det tilsette i velferdsapparatet eller andre personar i lokalmiljøet meiner. Når ungdom blir marginaliserte og kanskje må be om hjelp frå velferdsordningane, definerer det eit sett av relasjonar mellom ungdom og det offentlege hjelpeapparatet, men også lokalbefolkninga elles. Det gir opphav til eit sett av roller som kan kallast velferdsstatens marginale ungdomsroller.
To klientroller er fokuserte. Den første gruppa er unge som har hatt problem med å få arbeid og derfor kontakt med Aetat. Det dreiar seg om unge som ikkje går på skule/studerer, men som heller ikkje har etablert ei stabil tilknyting til arbeidslivet. Nokre har hatt ustabile og sporadiske arbeidsforhold. Alle har vore utan arbeid over lengre tid. Mange har også vore klientar i sosialomsorga. Dei blir her etter kalla arbeidslause. Den andre gruppa er unge aleinemødrer med overgangsstønad, her etter kalla aleinemødrer. Korleis fungerer velferdsstatens ordningar sett i lys av lokale normer eller kultur?
Kvalitative intervju
Vi intervjua arbeidslause og åleinemødrer, stort sett i 20-åra. I tillegg vart det gjort intervju med både unge arbeidarar, foreldre, samt funksjonærar ved lokale velferdstenester (Aetat, trygde- og sosialkontor). Til saman vart det gjort 100 slike omfattande intervju, i tillegg til samtalar med lokale kjentfolk. Materialet gir godt innblikk i typiske tilpassingar og strategiar. Analysen gir eit nyansert bilete av intervjupersonane sine svar og refleksjonar. I tillegg til intervju, har alle dei 100 intervjupersonane svara på haldningsspørsmål i ei vignettundersøking. Det vart konstruert to kasus, Terje (arbeidslaus) og Toril (aleinemor). Intervjupersonane vart bedt om å svare på nokre haldningsspørsmål relatert til desse.
Ulike konfliktar og konfliktforståing
I Fjorden er rolla som ung arbeidslaus i første rekkje konstruert i opposisjon til det ufaglærte kjernearbeidet i fiskeriindustrien. Framstillinga har to sider. På den eine sida er det nesten umogleg for desse å få tilbod om jobb fordi mange har opparbeidd seg eit lokalt rykte, først og fremst gjennom tidlegare arbeidsforhold. Det fører til at dei blir avviste i bedriftene. På den andre sida seier mange at dei heller ikkje vil ta ufaglært arbeid i fiskeindustrien. Nokre meiner rett og slett det er ”skitarbeid” eller at det er arbeid til å bli sjuk av. For enkelte er det like greitt at folk frå andre land tek desse jobbane.
Unge menn dominerer blant dei intervjua arbeidslause. Dei kritiske oppfatningane av sjølve arbeidsinnhaldet kjem særleg frå desse. Det peikar på ein viktig kjønnsdimensjon i utviklinga av arbeidet i Fjorden. Tilgangen på ufaglært arbeid dreiar seg særleg om reinsing, kutting og pakking av fisk, lite variert fysisk arbeid, tradisjonelt oppfatta som ”kvinnfolkarbeid”. Tyngdepunktet i det ufaglærte arbeidet har endra karakter. Det er vanskelegare å skaffe seg tradisjonelt ”mannsarbeid”, dvs meir variert fysisk arbeid i fiskeri, mottak eller lossing. Det kan forklare dei negative haldningane blant unge, arbeidslause menn. I enda større grad gjeld dette når arbeidet også er sporadisk eller av tilfeldig karakter.
Arbeid som nøkkelsymbol
Arbeid er både eit nøkkelsymbol og eit viktig kriterium for å bli godtatt. Vi finn ein kombinasjon av kritisk innstilling til arbeidet, men også til dei som unndrar seg kjernearbeidet, særleg der det er vanskeleg å oppfatte ein gyldig grunn. Det føregår slik ein stadig ”kamp” om å definere klientrolla. Særleg blant dei som sjølve står i kjernearbeidet er det ei klar nedvurdering av ”unnalurarane”. Arbeidsledige ser sjølve i større grad gode grunnar for at dei mottar støtte frå velferdsstaten. Dei framstiller gjerne seg og aleinemødrene i ”same båt”. Aleinemødrer trekkjer derimot ofte eit skilje mellom seg sjølv og ”dei arbeidslause”, som lurer seg unna.
I Vågen har forteljingane til dei unge arbeidslause ein annan karakter. Her er rollene ikkje i same grad konstruerte i forhold til arbeid (som i Fjorden), men i forhold til andre sosiale grupper. Særleg gjeld det ”Sportsfolket”, dei vellukka i skule og idrett, men òg til ei pengesterk middelklasse som har makt og innverknad. Sportsklubben og internasjonalt orienterte verksemder har sterk symbolverdi i dette lokalsamfunnet. ”Sportsfolket” blir assosiert med denne alliansen. Polarisering til andre grupper unge, rus og etterkvart klientstatus står sentralt i historiene. Det er ei meir typisk ungdomskulturell konflikt.
Rolla som aleinemor skil seg i begge lokalsamfunna klart frå rolla som ung arbeidslaus Dette dreiar seg i hovudsak om unge kvinner som kombinerer overgangsstønad med utdanning eller deltidsarbeid. Nokre gonger fortel desse kvinnene at det kan vere knapt med tid eller pengar, men dei opplever i liten grad reaksjonar og nedvurdering på rolla som aleinemor på moralsk eller religiøst grunnlag. Berre dersom dei lever eit ”utsvevande liv”, med rus og fleire mannfolk, ser rolla ut til å vere utsett for stigmatisering.
Ungdomskulturell konflikt
I Vågen, er det ei anna type konflikt som er dominerande enn i Fjorden, det vi kan kalle ei ungdomskulturell konflikt, prega av rus og ungdomskulturell splitting, og der særleg organiserte aktivitetar er viktige markørar. Det er mindre spenning og sanksjonar knytt til klientstatus.
Begge stader ser vi at aleinemødrer til vanleg er mindre eksponerte for stigma, sjølv om dei kan hamne i same posisjon som dei arbeidslause, dersom dei viser for lite vilje til utdanning eller arbeid. Særleg kan vi sjå dette i Fjorden, der det historisk sett truleg har vore minst normative reaksjonar på rolla som åleinemor, men der dei no er meir utsette for stigma enn i Vågen.
Funksjonærane har gjerne djupare innsikt i ungdoms problembakgrunn, og er særleg i Fjorden klientane sine sterkaste forsvararar. Truleg er dette viktig for å legitimere si eiga rolle i eit samfunn der spenningane rundt klientrollene er sterke.
Ulike grenser for avvik
Desse funna kan tolkast slik at vi står overfor lokalmiljø som legg ulike føringar på klientrollene. Grenseflata mellom kjernearbeid og arbeidsløyse i Fjorden er problematisk og til dels uklar. Begge partar (og mange andre i lokalmiljøet) oppfattar kjernearbeidet som monotont, tungt og lite attraktivt. Dei som ”ofrar seg” kan lett sjå det som at andre lurer seg unna, og kan ha det like bra (eller betre) som klient. I Vågen er grensa derimot klarare mellom faglært/kvalifisert arbeid og klientstatus.
I Fjorden er nærast alle i lokalmiljøet avhengige av kjernearbeidet. Når ein meiner at nokon unndrar seg, er det ein trussel for heile miljøet. I Vågen synes klientane sitt eventuelle fråver frå arbeid å vere mindre fokusert enn deira livsstil i relasjon til ”vellykka” ungdom.
I Vågen er det eit utdannings- og prestasjonsorientert ungdomsmiljø, med konkurranse om posisjonane (skule, organisasjon). Det skaper eit meir ”urbant” ungdomskulturelt skisma mellom dei vellukka og dei ikkje så vellukka. Viktige kriterium er organisasjon, klede, rus. I Fjorden reiser utdanningsgenerasjonen ut tidleg. Det understrekar arbeidet som nøkkelsymbol. Alle trengs for å oppretthalde aktivitetar. Grensene for kva som er ungdomskulturelle avvik er meir dramatiske i dette samfunnet (illegal rus, kriminalitet).
Lokalkunnskapen viktig i førebygging
Påstanden er at det 1) finst ein basis for lokale normer retta mot klientane, 2) at det kan påverke unge sitt forhold til hjelpeapparatet. Særleg i Fjorden kan klientstatusen fort virke mot sitt formål, t.d. ved å stadfeste at ein ikkje duger, når ein er på tiltak, blir søkt inn i arbeid av Aetat eller får plass i kommunal sosialbustad. 3) Truleg er det viktig at sosialpolitikken som blir utøvd av lokale kontor inkluderer desse lokale perspektiva i si handtering av spenningsfelta. Korleis kan ein t.d. drive arbeidstrening eller introdusere sosialklientar i arbeidslivet, utan at dei blir stigmatiserte eller får stadfesta ein posisjon som ubrukelege? Dette er døme på kunnskapar som blir viktige for at lokale sosialpolitiske tiltak skal ha ei førebyggande effekt og ikkje stadfeste og utdjupe klientrolla.